Logo_2_Eikum_hotell
IMG_2290 cr sogn skisenter_BESKÅRET
IMG_2315 cr sogn skisenter_kv
No kan du oppleva nokre av dei beste snøforholda i Noreg i Sogn Skisenter på Hafslo. I tillegg til glimrande langrenn-, slalåm,- og skateboardforhold i metervis med snø, er skisenteret svært barnevennleg og har stor gratis parkeringsplass.

Lustrabadet - eit av Noreg sine flottaste badeanlegg- ventar med alle sine tilbod, og frå hotellet er Lustrabadet kun ein liten køyretur på eit kvarter vekke.

Vi på Eikum Hotell står klare til å ta godt vare på deg som gjesten vår. Her har du alle tilboda berre minutt unna, ja, du kan faktisk avslutta dagen i alpinbakken med å ski heilt inn på trappa vår. Og ein perfekt dag ute kan ikkje bli betre enn når han blir avslutta med signaturdesserten vår - «Himmelpuddingen»! Det er no du bør nytta sjansen!
IMG_3829
IMG_2316 cr sogn skisenter_kv
I år har vi dei mest fantastiske snøforholda på mange år. Det har òg skapt drøymeforhold i Sogn Skisenter. Med skitrekk opp til 1.000 meters høgde kan du nyta opplevinga etter eigne ønskje og evner. Samt nytta dei lengste frikøyringsmoglegheiter i Noreg frå heis til velpreparerte løyper i alle vanskegrader. Det er eigen barnebakke og snøleikmoglegheiter. Det er fleire kilometer med lysløyper og turløyper til fjells for dei som føretrekk langrennski.
Tenk deg å kunne kombinera dette med nokre timar på Lustrabadet med sine 2 barnebasseng, vannsklier, 25 meters-basseng, velværeavdeling med idyllisk grotte, varmebasseng, badstuer og utekulp. Fristande?
Bli med på opplevinga no når forholda er dei beste. Kan du finna ein betre innramming for kollegaer eller familie på tur? I den opplevinga høyrer det òg med å ha nokre gode dagar på Eikum Hotell - familiehotellet som i meir enn 100 år har lagt all sin stoltheit i tradisjonen med god, heimelaga mat.
LB 3 - Thomas Morel_kv
IMG_0544_kv
Med våre 59 rom er vi store nok til å ta i mot mange gjester, men aldri for store til ikkje å ta oss godt av kvar einskild gjest og behova deira. Du vil kjenna deg heime på Eikum - frå den gode frukosten til du nyt middagen etter ein lang dag ute. Det er då «Himmelpuddingen» gjerne kjem som den perfekte avslutninga - ein spesialitet som har følgt hotellet gjennom åra. Viking sin fotballtrenar påstod den gong dei tapte for Sogndal at det var Himmelpuddingen sin skuld: spelarane hadde rett og slett ete alt for mykje av den desserten kvelden før kampen...

Kom og opplev Sogn og Hafslo på det beste no

Det er berre å ta ein telefon til 57 68 06 00 eller maile til post@eikum.no - så lagar vi saman den beste vinteropplevinga di!

Og du: Eikum Hotell er berre ein halvtime frå Veitastrond der snødjupna no er rundt 2 meter. Vil du ha ei spesiell oppleving kan du køyra inn dit og oppleva vinter på alvor, og gjerne gå dei fem kilometrene på langrennsski inn til Tungestølen der den spesielle nye turisthytta teikna av Snøhetta er eit mål (ikkje open i vintersesongen).
Takk til Sogn Skisenter og Lustrabadet for lån av bilete
facebook website